Heim

( Heimesida er fornya og vert gradvis oppdatert, sumaren /hausten 2011 )

Eg har drive eige firma frå 1971, same året som eg tok sveineprøva i målarfaget. Sidan har eg utdana meg vidare innan antikvarisk restaurering og dekorasjonsmåling, i tillegg til studiar i kunsthistorie /stilhistorie. Eg har utført fleire oppdrag i samarbeid med Riksantikvaren, NIKU og fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane/ Møre og Romsdal. Eg har og nært samarbeid med andre private firma, som har god kompetanse på restaurering.

Utanom arbeid i kyrkjer og andre offentlege bygg, kan eg syne til større og mindre oppdrag for privatpersonar; interiør, interiørdetaljar, fargesetjing og andre konsulentoppdrag.